karane

Ausekarane

I januar 2007 vart Ausekarane med Tor Endresen og Bjørn Jensen samla og gjekk i øvingslokalet der dei auste på uavbrutt I eit halvt år. Der tolka dei Johannes Kleppevik sine songa og fant det musikalske uttrykket som skulle verta Ausekarane sitt fundament.

Sommaren 2007 debuterte dei på Garveriet på Isdalstø og gjorde deretter konsertar på Vestlandet med utekonsert på Marsteinen Fjordhotell som høgdepunktet, der 1200 feststemte Kleppevik fans møtte opp og gjorde kvelden til ei minnerik oppleving.

Hausten 2007 vart forestillingen "Haraball i Naustet" sett opp på Logen i Bergen.
Ausekarane med regissør Tore Nysæther på laget gjorde stor suksess med musikk-kabareten basert Johannes Kleppevik sine songar og ramsalte tekstar.

Sommaren 2008 og 2009 vart forestillinga tatt med ut i sitt rette element på fjorden.
Frå kai te kai på Vestlandet først med ferja "Showboat", og fortsatte i 2010 til og med i år ferja "Showtime" under slagordet "Ikkje reis te byd`n, me kjem te deg". Sommar turnéane har vorte ein gedigen suksess med skamros frå både publikum og presse, og Bergens Tidende sine lesara kåra Ausekarane til Bergens Beste sceneopplevelse i 2010.

Dei første åra var det Johannes Kleppevik sine låta Ausekarane gjorde eigne versjona av, men etter kvart såg dei mot andre Vestlandsartistar og gjorde låta av mellom anna Ivar Medaas og Salhuskvintetten. Dei siste platene har bandets eigne låtskrivarar Tor Endresen og Bjørn Jensen bidratt med sjølvskrivne låta forankra i den Vestlandske tradisjonen og kystkulturen.

Første utgjeving vart DVD´en "Haraball i Naustet" i 2008, deretter kom CD´en "Fela liv i Marsteinparken" 2008 , "Spelar for livet" 2011, og "Farande Fant" 2013. Sistnevnte gjekk rett inn på 1.plass på VG´alumliste første veke i salg! Det vart 14 veke på lista med 3 førsteplassa. Noko karane sjøvsagt satt utrulig stor pris på då plata har hovedvekt av sjølvskrivne låta.

På "Spelar for livet" var det ein låt som skilde seg spesielt ut! Ausedansen har gått som ein farsott på YouTube med nerare 500.000 treff og har festa seg i folks bevissthet langt utover Vestlandet.

2014 vart eit nytt aktivt år for Ausekarane. Året starta med forestillingen "Ausekarane går på land" på Ricks Teater i Bergen med 7500 selde billetta, gode tilbakemeldinga frå publikum og fine kritikka i pressa , og fortsatte med ei signingsferd i Hordaland og Sogn og Fjordane med sommarturneen «Haraball i Auseland» ombord på ferjo «Showtime".

Våren 2015 jobbar karane med innspeling av den nye plata som etter planen kjem i salg 19 juni i år.

Denne sommaren vert det både ferjeturne med forestillingen «ME VEIT KOR DU BUR!", store konsertar og deltakelse på fleire festivalar.

Espen Vågstøl Trommer

Espen vant fagjuryens pris i Talentiaden i NRK TV allerede som tenåring og er ein rabbagast til å utfordra låtane som karane kjem med. Yngst i gruppa, men med erfaring som få. I tillegg er han alltid irriterande sprek og blid:-) Opprinneleg frå Radøy.

Tore Mæhle Bass/Kor

Bassist med noko attåt. Han har spelt med fleire renommerte artista og band i ei årrekkje her på berget. Ikkje ein stilart han ikkje beherskar og har den (heldig for karane) evnen at han kan syngja flott samtidig. Har eit gehør og ein husk so skulle vært lagt på sprit...te studie altså. Født, oppvokst og bur på Osterøy.


Svein-Tore Hindenes Trekkspill/Keyboards/kor

Gjestespelte på trekkspel med Salhuskvintetten som tiåring og bukka høflig etterpå. Gjekk rett i golvet då spelet var litt tyngre enn han var klar over. Ein av vestlandets travlaste keyboardista og trekkspelarar men prioriterar karane på sumarstida, heldigvis for oss. Kan alle låta i heile verda og er liksom kosebamsen i gjengen. Opprinneleg fra Hindenes på Lindås.


Jan Arne Knutsen Gitar/Mandolin/Banjo

Har spelt med kjente artista og band i all si tid og har den sjelfulle tonen som sitt varemerke. Spelte med sjølvaste Teddy Nelson i si tid og "veit ka da går i" so dei seie. Var med og tok initiativ til Ausekarane frå starten og set sitt preg på alt karane gjer med tyngde, virituositet og trøkk. Ekta Ekerhovding frå Sotra.


Bjørn Jensen Sang/Gjøgling/Gitar

Legende med langt hår- stod å lesa i ei overskrift i ei lokalavis om Jensen. Han er vestlandets ubestridte latterkonge og sel billetta på nivå med dei mest kjente i landet på sine forestillinga her vest. Samarbeidet med Endresen i Ausekarane er ein ny dimensjon i hans artistliv der songane og musikken har ein større rolle enn nokon gong. Men, komikken ligg alltid på lur. Opprinneleg frå Salhus.


Tor Endresen Sang/Gjøgling/Gitar

Har fire kostyma i skapet. Ein juleturnedress, ein storband-smoking, et Cafe le swing kostyme og ein bunad med strilahatt frå Sparkjøp til Ausebruk. Har vore ein folkekjær artist i Norge i mange år men har ein forkjærlighet for Ausekarane som er hans hjertebarn. Det er noko som kjennes ekstra godt å fortelje med sang og musikk det som har omfavna oss av kultur og natur på den plassen vi kjem frå :-) Bergensar.